I forgårs tenkte Tor Gunnaar og eg at mi måtte se litt meir av landet, og ikkje bare turistplassane som mi har vore på te nå. Så mi gikk ned i byen og fekk leigd 125 cc motorsykler til 20 dollar døgnet. Så mi bestilte hversin doning for ett døgn. Det er ikkje alt som går knirkefritt, så når mi hadde kjørt ett par mil første dagen, og eg fekk lagt meg bak Tor Gunnar, så eg at bakjulet hans ikkje bare snurra rundt å rundt, men også slang sidlengs. Det var ikkje så moro, så mi snudde fekk bytta ut sykkelen, då var det blitt mørkt så mi overnatta her i Cabarete.
For å få maks ut av dagen starta mi når det var blitt lyst, og det blir det ca halv sju. På syklane og kjørte, de går godt, så det blei ein fartsfylt opplevelse så lenge mi kjørte på hovedvegen. Grei transport etappe, men litt skummelt med biler på alle kanter, for de tar ikkje så mykje hensyn til myke trafikanter. Så når tida var kommet for å finne de litt mindre vegene som var avmerket på kartet, så ut omtrent som fylkesveg på kartet i Norge. Det viste seg at første ettappe innover ein slik veg var omterent som eg forventa. Fin asvalt, men smal og svingete veg. Mi hadde ett stopp der Colombus hadde bodd, var på museum, interesant men kunne vært bedre tilrettelagt for oss som ikkje leser og snakker spansk.
Turen begynte for alvor når mi var ferdige på museet, for då fant mi ingen veg videre ifrå byen, bare mange veger som forsvant itterhvert. Bortsett frå ein den var vell som ein fin norsk traktorveg, utrulig moro og kjøre på. Så det viste seg at det var egentlig slik standaren på vegane var. Mi kan ikkje klage så mykje på vegstandaren i norge. Nydelig plass og kjøre motorsykkel. Einaste som var litt kinkig var at det ikkje alltid var sjølsagt henne mi måtte kjøre. Så det blei mykje studering av kart, i vegkryssa. Gjorde foresten ingen ting sida det var sjelden det kom biler. I detta området hadde de store mengder kyr, og det var i ein flat elvedal. I et av kryssa, som ikkje var merka på kartet, stoppa det ein rød picup, og ein amrikaner lurte på om mi trengte hjelp. Han kunne se to hvite med hjelm på hodet og ett kart, det var inget godt tegn:) Så mi fekk ei avklaring i henne mi var, og tips til fin rute på heimvegen. Det var lik vegstandar, men nå kjørte mi på toppen av de tropiske heidraga, med kjempe utsikt til havet. Kunne ikkje blitt bedre.
Ein uforglømlig tur:)
Bilder frå mobilen til Tor Gunnar kommer.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar