søndag 29. november 2009

Eksamenslesing

Nå har den begynt. Skal Ha eksamen i mårå, så er nok best om eg klarer å få lest noke i dag. Pico Duarte er foresten 3098 meter høg.
Får med meg litt langrensresultater, blir gildt å få kikka litt når eg kommer heim.

onsdag 25. november 2009

Pico Duarte

Så nå har eg vore på karibiens høgaste fjell, ikkje verst det. Det var ein helgetur ifrå det vareme klimaet nede med kysten. Mi kjørte buss opp til 1100 meter over havet, bussturen starta kl halv fire om natta, og mi begynte å gå litt før sju. Lufta var heilt anerledes enn nede med sjøen, kald og klar. Sjøl om mi starta i jungelen, med palmer og lianer henhanes ned. Det var au ei elv der med kaldt godt fjellvann som var drikkandes, nydelig og kunne drikke rennandes vann igjen og ikkje bare fleskevann. Første dagen var det stigning opp til 2600 meter før det gikk ned igjen til 2400 på base camp. Ein idyllisk og fin plass kunne minne om ein stor uisolert sovesal frå turistforeningen i Norge. Maten blei laga på bål i et mathus, der var det sikkert 20 plasser å fyre bål i, fint på rekke og rad. Så mi blei gode og mette. Turen opp var estimert til 9 timer, og det var godt å kjenne at kroppen fungerte ordentlig når eg var oppe itter 6,5 time. Dagen itterpå var for toppstøtet, og mi hadde funnet ut at det hadde gjort seg med solopgang på toppen. Så mi starta å gå kl 4, og kom opp til ein nydelig soloppgang. Der mi så at det au finnes fjell her i detta landet. Det som overaska mange var at det var frodig heilt opp på toppen. Eg måtte bare springe ned igjen så eg var tilbake til bace camp kl 8. Då skulle eg ut på eventyr.

Eventyret mitt bestod i vilsvinjakt med to av guidane, ikkje nok med at de skulle jakte på dissa små og hissige dyra. De jakta bare med mansjete, ein lang kniv, og bikkjer. Mi begynte å gå nedover i terenget, det var forferdelig å gå, det var like mange treer som så nede, som stod. Og det hadde vært skaubrann der for ikkje alt for mange år sida. Men det blei spennandes itter hvert bikkjene fekk los på ett dyr og pressa det inn ein plass der det ikkje kunne komme seg ut. Så var det for oss å snike oss innpå. Det var ein skikklig råne. Men skarpe tenner som stakk opp frå underkjeven. Menn med ett velretta stikk mellom fjerde og femte ribbein, og påfølganes rask retrett ebba livet fort ut av rånen.
Slik skulle det ha endt, men som all anna jakt er det mykje venting før det skjer noke. Mi gikk bare itter bikjene i fire fem timer, før de sa at det var for mange menesker i terenget så villsvina var forsvunnet. Men ein gild opplevelse allikavell.

Siste dagen var bare lett loffing ned til bussen, kjente høgdemetra god i låra, og det tokk sine 6 timer ned igjen au. Inn i ein varm buss, og kjøre 4 timer tilbake til Cabarete igjen.


De siste dagane ahr det vore vind, så har blitt dårlig tid til oppdatering, men i går var det rotete vand når eg surfa. Så i dag blei det blogg oppdatering istadenfor surfing.

onsdag 18. november 2009

Surfing for alle penga


De siste vekene har det vært ein begredlig vind, det fine med det er at bølgene holder seg finere. Så kitinga har blitt bytta ut mot surfing, og nå begynner eg å bli ein ivrig surfer, har vert ute hver dag siste veka og surfa, fått mange fine stunder på vanne, mange bølger er tatt og mykje vann er svelga. Jo flinkere eg blir jo meir hekta blir eg. Skal ikkje sei at eg er god, men det begynner å løsne litte grann. Har trappa ned på brettstørelse, så nå er ikkje brettet så mykje større enn meg. Dte fører til at alt blir mykje meir håndterlig, ein kan svinge fortere, og kan gjøre meir på bølga. Ulempa er at det er meir ustabilt, og alt må gjørats meir presist. Så nå koser eg meg i bølgene

tirsdag 10. november 2009

lørdag 7. november 2009

Ein fantastisk tur:)

I forgårs tenkte Tor Gunnaar og eg at mi måtte se litt meir av landet, og ikkje bare turistplassane som mi har vore på te nå. Så mi gikk ned i byen og fekk leigd 125 cc motorsykler til 20 dollar døgnet. Så mi bestilte hversin doning for ett døgn. Det er ikkje alt som går knirkefritt, så når mi hadde kjørt ett par mil første dagen, og eg fekk lagt meg bak Tor Gunnar, så eg at bakjulet hans ikkje bare snurra rundt å rundt, men også slang sidlengs. Det var ikkje så moro, så mi snudde fekk bytta ut sykkelen, då var det blitt mørkt så mi overnatta her i Cabarete.

For å få maks ut av dagen starta mi når det var blitt lyst, og det blir det ca halv sju. På syklane og kjørte, de går godt, så det blei ein fartsfylt opplevelse så lenge mi kjørte på hovedvegen. Grei transport etappe, men litt skummelt med biler på alle kanter, for de tar ikkje så mykje hensyn til myke trafikanter. Så når tida var kommet for å finne de litt mindre vegene som var avmerket på kartet, så ut omtrent som fylkesveg på kartet i Norge. Det viste seg at første ettappe innover ein slik veg var omterent som eg forventa. Fin asvalt, men smal og svingete veg. Mi hadde ett stopp der Colombus hadde bodd, var på museum, interesant men kunne vært bedre tilrettelagt for oss som ikkje leser og snakker spansk.

Turen begynte for alvor når mi var ferdige på museet, for då fant mi ingen veg videre ifrå byen, bare mange veger som forsvant itterhvert. Bortsett frå ein den var vell som ein fin norsk traktorveg, utrulig moro og kjøre på. Så det viste seg at det var egentlig slik standaren på vegane var. Mi kan ikkje klage så mykje på vegstandaren i norge. Nydelig plass og kjøre motorsykkel. Einaste som var litt kinkig var at det ikkje alltid var sjølsagt henne mi måtte kjøre. Så det blei mykje studering av kart, i vegkryssa. Gjorde foresten ingen ting sida det var sjelden det kom biler. I detta området hadde de store mengder kyr, og det var i ein flat elvedal. I et av kryssa, som ikkje var merka på kartet, stoppa det ein rød picup, og ein amrikaner lurte på om mi trengte hjelp. Han kunne se to hvite med hjelm på hodet og ett kart, det var inget godt tegn:) Så mi fekk ei avklaring i henne mi var, og tips til fin rute på heimvegen. Det var lik vegstandar, men nå kjørte mi på toppen av de tropiske heidraga, med kjempe utsikt til havet. Kunne ikkje blitt bedre.
Ein uforglømlig tur:)
Bilder frå mobilen til Tor Gunnar kommer.

onsdag 4. november 2009

Moto


Moto er ein fin ting, det ligger litt i navnet å det er, men ikkje sikkert at sykkon heime i norge forstår det. Då må eg utdype litt meir, det er ein lett motorsykkel som blir kjørt som taxi i alle byane i detta landet. Så hvis eg skal ein plass i denna byen, koster det 25 pesos, eller ca 4 kroner. Det er ein kjempefin ordning, einaste eg tykker litt synd på er de som kjører dissa syklane. For dei møter opp utafor her mi bur før 7 om morgenen, og dei er der nesten alltid når eg legger meg igjen kl 9 om kvelden. Så det er lange dager på jobb. Men så kan det hendew at de tjener litt på det au. For om kvelden itter det har blitt mørkt er det dobbel takst. Og hvem har sagt at det bare er plass til ein pasasjer på ein moto, det kan bli opp til fire passasjerer, men det er nok vanligere med to til tre. Alle som sitter på betaler same sats, så det kan bli litt penger av det:) Noke eg føler at de fortjener då. På kveldstid er det ikkje like trykt å ta dissa motoane, for det kan være at sjaføren skal ut å feste itter jobb og begynner å drikke tidligere på kvelden, ikkje uvanlig å se sjaførane med ei ølflaske i nevane. Utafor hotellet vårt er det ei fast gruppe, så de føler mi oss mykje tryggere på, kan hente å bringe litt til oss. Har rett og slett fått god kontakt med de. Kommer dykkon noken gong ned må dykkon prøve ein moto. For det er ikkje så nøye med regler her nede:)