3 februar
I går hadde eg ein avtale om å kikke på ett rom i nærheten av skulen. Eg tenkte det skulle
bli fint, han hørtes grei ut på telefonen og eg skulle komme å se på rommet kl 18.
Når eg med mitt blide oppsyn møtte opp i god til utafor leiligheten, venta til klokka blei
18 ringte til han på mobilen. Etter gjentatte forsøk fikk eg tak i vedkomende kl 19, då
sa han at rommet var leid ut. Verken meir eller mindre, må sei eg blei passlig irritert.
Egentlig er det ikkje så mykje å gjøre med det, hadde heldigvis truffet ein bekjent på
undiversitetet var å kikka der før på dagen. Som eg fekk sovet hos.
I dag tidlig var eg ute å sprang i Kings Park, og der er det ett tårn,
med trapper på utsida som er forma som ett DNA.Når eg hadde løpt opp to gonger, og kom ned
igjen traff eg ein mann som eg kom i snakk med. Han hadde jobba i Norge for Hydro før å kunne
noka ord norsk. Eg sa at det var veldig vanskelig å finne sted å bo, og da begynte han å tenke.
Han sa til meg at hvis det bare var opp til hann skulle eg få lov til å få ett rom hos de, men
han måtte snakke med kona først. Så nå håper eg og ber eg om at kona må se med velvilje på meg,
slik at eg kan få ein plass å bu her nede.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar